Lærarar frå verdsarven kring Geirangerfjorden reiser til Glacier Bay, Alaska

Denne veka reiser to lærarar frå verdsarvområdet kring Geirangerfjorden på skuleutveksling til Glacier Bay i Alaska!

PRESSEMELDING
 

Skulesamarbeid med Glacier Bay, Alaska
 

Unik utveksling mellom to UNESCO verdsarvområde
Denne veka sender Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv to lærarar til Glacier Bay i Alaska. Der skal dei besøke skulen i Gustavus, og bli betre kjende i dette verdsarvområdet i Amerika. Ambisjonen er å få til eit godt skulesamarbeid mellom vårt eige område i verdsarven Vestnorsk fjordlandskap og UNESCO verdsarven i Glacier Bay. Det er den yngre generasjon som skal forvalte denne arven i framtida. Å byggje forståing for desse eineståande, universelle verdiane – på tvers av nasjonar, er difor noko vi bør prioritere høgt. Verdsarven er ikkje eit lokalt prosjekt. Verdsarven er noko som tilhøyrer oss alle, på tvers av nasjonar, tru, kjønn, sosial bakgrunn og levekår.
 

Verdsarvstiftinga kostar denne gongen turen over dammen for to lærarar frå Geiranger skule og Eidsdal skule.
 

Formidlingleiar hos Verdsarvstiftinga, Merete Løvoll Rønneberg, er svært glad for at dei endeleg greidde å få denne satsinga på plass: «Vi har over mange år hatt eit godt samarbeid med dei nærmaste skulane våre, og vi er svært glade for at dei arbeider målretta og systematisk med å integrere verdsarven i alle skulefag. Skal vi lukkast med å ta vare på desse verdiane i framtida, må vi gje born og ungdom innsyn og forståing, og skape interesse for verdsarven. Vi lever i ei verd der kommunikasjon og dialog mellom menneske og nasjonar vert stadig viktigare – og avstandar «kortare». Slik sett er det viktig at vi har god kunnskap om kvarandre, og bidreg til å byggje respekt for ulikskapar, og hjelper kvarandre med å ta vare på kultur- og naturarv.»
 

Verdsarvstiftinga og Rønneberg har òg eit lokalt perspektiv:
«Vi er òg svært opptekne av å bidra til å styrke bygdene våre og gjere dei attraktive og gode å bu i. Verdsarven skal òg vere levande lokalsamfunn med sterk puls. Å styrke skulane våre er ein viktig del av dette arbeidet. Dersom vi kan bidra til at skulane våre vert endå meir attraktive og spennande som arbeidsplassar, og at elevane som går her får delta i gode undervisingsopplegg – litt utanom det vanlege, då synest vi det er vel verdt å bruke ressursar på!»
 

Dei to lærarane som får reise er Jon Axel Solhaug frå Geiranger skule og Kari Elisabet Dalhus frå Eidsdal skule. Begge gleder seg stort, og Kari utdjupar slik:
«Eg set stor pris å få sjansen til å reise til Alaska. Sjølv om eg er spent på sjølve reisa, gler eg meg til å sjå og oppleve landskapet rundt Glacier Bay, og treffe folk i området. Det blir spennande og kjekt å sjå kva vi kan få til av samarbeid mellom skulane på desse to verdsarvstadane og kva vi kan lære av kvarandre. No kan endeleg Eidsdal skule få starta å arbeide med det siste punktet i verdsarvskuleplanen vår; det å knyte kontaktar med skular i andre verdsarvområde - det har vi hatt på planen vår ei stund, utan å fått gjort noko med det. Så dette blir spennande og lærerikt!»

 

Jon Axel har hatt ein draum om å oppleve Alaska sidan han var ungdom:
«Eg er utruleg takknemleg for denne moglegheita til å oppleve noko heilt unikt. Og ikkje minst er det veldig spennande å få reise så langt for å møte nokon som vi kanskje har meir til felles med enn vi tenkjer. Eg gler meg verkeleg til å få ein smakebit av korleis det er å bu i ein liten småby i Alaska, og håpar at vi med dette besøket kan opprette kontakt med folk som kan føre til mykje godt samarbeid i framtida. Med dagens kommunikasjon og sosiale medier av alle slag ser vi jo at verda blir stadig mindre, og eg håpar og trur at det kjem til å gjere det enklare å oppretthalde kontakt og utveksle erfaringar og læring mellom skulane våre og Gustavus.
 

Når eg no deltek i dette utvekslingsprosjektet så ser eg også at det gjer at eg får augene endå meir opp for heimstaden min, naturen og omgjevnadane rundt oss. Ein får endå eit nytt perspektiv på kor flott vi har det rundt oss, og det gjev inspirasjon til å formidle og lære vekk meir om både landskapet og kulturarven i nærområdet vårt.»

 

 


Verdsarvstiftinga signerte ein systerparkavtale med Glacier Bay i 2019. Dei to verdsarvområda har mykje til felles, og kan lære av kvarandre både når det gjeld forvalting og formidling. Skulesamarbeidet er ein del arbeidet med å konkretisere den felles avtalen.


For meir informasjon:
Kontakt Formidlingsleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Løvoll Rønneberg.
merete@verdsarvfjord.no  Tlf. 99 37 65 85