Administrasjon av ordninga Tilskott til tiltak i beiteområde vert overført til kommunane frå 1.1.2020

 

Ordninga har som føremål å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Denne ordninga har fram til no vore administrert av fylkesmannen. Endringa vil innebere at kommunen må fastesetje lokale retningsliner som fastset kva for tiltak som vil bli prioriterte m.o.t. utmarksbeitinging i kommunen. Retningslinene vil innehalde timesatsar for eige arbeid i kostnadsoverslaget. Retningslinene vil også seie litt om kva for tiltak ein ønskjer å prioritere i Stranda, og kor stor tilskottsandelen skal vere for ulike typar tiltak.

Følgjande tiltak er definerte som stønadsverdige (ikkje uttømande):

  • Sperregjerder
  • Ferister
  • Bruer  
  • Gjetarhytter
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar
  • Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenodar, merkeavlesarar,  findmysheep, dronar m.m.)
  • Elektronisk gjerde (t.d.  av typen Nofence)

Kommunen vil utarbeide lokale retningsliner og kunngjere søknadsfristen når desse er på plass (krev politisk godkjenning).