Stranda kommune har fått eit artig brev frå ein ærleg mann i Amerika! Mannen ville gjerne gjere opp for seg for bruk av fasilitetane i Geiranger, og har difor sendt eit brev til Stranda kommune med ein 20-dollarsetel.
Brevet og dollarsetelen er kome i ramme, og heng på ordføraren sitt kontor.
Ordførar og kommunedirektør har sendt takkebrev, og ønsker mannen hjarteleg velkomen tilbake.