Arbeid med ny lokal forskrift – Utslepp til sjø frå skip i Stranda kommune

Arne Inge Tryggestad Stranda kommune har starta opp arbeid med ny lokal forskrift om utslepp av avløpsvatn til sjø frå skip, med utgangspunkt i dei særskilte reglar som gjeld for verdsarvfjorden. Det er i første omgang tenkt at ny forskrift skal gjelde for sjøområdet frå verdsarvgrensa ved Ljøen og inn til Hellesylt.

Utkast til høyring vil bli lagt ut til offentleg ettersyn når forslaget er ferdig utarbeida, og alle partar vil få moglegheit til å uttale seg om forskrifta. Førebels framdriftsplan er at forskrifta skal vere gjeldande frå nyåret 2022.