Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 20. oktober og er i år til inntekt for Barnekreftforeningen!

TV-aksjonen NRK Barnekreftforeningen går til å bygge familiehus i nærleiken til sjukehus i fire store byar slik at familiar kan vere saman medan borna er i behandling. Og du kan bidra!  
Elevar ved Stranda ungdomsskule stiller med mange bøsseberarar, men vi treng også mange sjåførar i Stranda tettstad til å skysse ungdommane rundt. Kanskje kan du har tid til ein søndagstur med meining?   

Litt av essensen i TV-aksjonen er møte med menneske på sjølve aksjonsdagen. Enkelte har venta nettopp på dette besøket. Bøsseberarane og sjåførane er såleis svært viktige for å nå ut med både bodskapet og engasjementet til heile kommunen. 

Oppmøte er på Stranda Frivilligsentral, Kyrkjegata 23, Stranda, søndag 20. oktober mellom kl. 15.30 – 16.00 for utdeling av bøsse og roder.  
 
Ver venleg å sende namn og nummer på både bøsseberarar og sjåførar innan 14. oktober 2024 til Ragnhild Stadheim på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller 464 11 076.  
 
Takk til alle som har stilt på tidlegare! Håpar mange stiller dette året også. Ein fin søndagstur til eit godt formål!   
 
Den kommunale komiteen:   
Ordførar Einar Arve Nordang, leiar   
Varaordførar Steinar Aanning  
Leiar i Stranda Frivilligsentral Ragnhild Stadheim, sekretær