Arkitekthjelp i Stranda kommune
Stranda kommune, i samarbeid med Møre og Romsdal Arkitektforeining (MNAL), tilbyr no gratis arkitekttimar ( innanfor avsett tid, jf. tidsplan ) til innbyggjarar som treng råd i samband med byggesaker.
Har du behov for å avklare ideane dine om korleis ein ny garasje kan tilpassast huset på ein harmonisk måte? Eller er du usikker på om du bør etterisolere når du byter kledning, og kva type materiale som passar best? Arkitektane vil kunne kome med råd om tips om korleis du bør gå fram for å både få eit betre bygg / prosjekt og ei byggesak som enklare kan behandlast i kommunen. Nå kan du nytte deg av dette gratis tilbodet og få råd frå erfarne arkitektar i MNAL.
Dette er eit prøveprosjekt som varer ut året for å vurdere behovet i kommunen. Liknande ordningar har vore vellukka i andre kommunar og saksbehandlarar vil og vere tilgjengelege i tidsrommet.
Er du interessert? Bestill time ved å sende ei enkel skildring av ditt behov til gabriela.habostad@stranda.kommune.no Ved spørsmål, ta gjerne kontakt på telefon 464 11 026.
Stad: Stranda kommune, rådhuset, 3. etasje. Møterom Øyna
Tidspunkt: Kl. 11.30-12.30 (timebestilling er naudsynt)
Datoar:
06.09.2024
04.10.2024
08.11.2024
06.12.2024
Vel møtt!