Auka tilskotssatsar for drenering frå 1. juli

I jordbruksforhandlingane vart partane samde om å auke tilskotssatsane for drenering frå 1. juli.

Nye satsar er 4 000 kroner per dekar og 61 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar ramma areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2023. Partane er samde om at satsane skal liggje fast på dette nivået og at løyvinga blir halden uendra på 68 mill. kroner i 2024. Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord blir oppdatert med dei nye satsane.

Av omsyn til mellom anna vassmiljøutfordringar, skal areal med korn, grønsaker og poteter framleis prioriterast ved fordeling av midlar.

Handsaming av søknader sendt inn før 1. juli der tiltaket ikkje er påbyrja

Søkjarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan trekkje gammal søknad og sende ny søknad når arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er påbyrja. Kommunen må då gjere nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen drage inn tidlegare innvilga tilskot ved å avslutte den gamle saka i Agros. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli ny arbeidsfrist. I mellomtida kan også planane ha vorte endra. Forutan god forvaltningsskikk og ryddig saksbehandling, vil denne praksisen bidra til å sikre korrekte statistikkopplysningar.

Etter ei endring I fagsystemet i 2022 blir tilskotssatsane styrte ut frå søknadsdato, og ikkje vedtaksdato som tidlegare låg til grunn for tilskotssatsane. For søknader som kommunen ikkje har behandla før 1. juli, kan søkjar tilsvarande trekkje gammal søknad og søkje på nytt etter 1. juli.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er påbyrja

Etter § 3 i forskrifta kan det ikkje gjevast tilskot der tiltaket er påbyrja. Dette betyr at det ikkje kan gjevast tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Fagsystemet Agros blir oppdatert med nye satsar

Dei nye satsane blir innarbeidde i fagsystemet Agros med verknad frå og med 1.7.2023.

Forskrifta

Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord blir oppdatert med dei nye satsane.