Beitekartlegging

Stranda kommune sette i 2023 i gang eit prosjekt med vegetasjonskartlegging i verdsarvområdet. Vi fekk Norddal/Eidsdal beitelag SA til å stå som søkjar.

Ved vegetasjonskartlegging blir plantedekket delt inn i vegetasjonstypar og kartfesta. Kunnskap om fordelinga av vegetasjonstypar i eit område og kva beiteverdi dei har, gjer oss i stand til å vurdere kvalitet av beitet over store utmarksareal.

I 2023 vart aktuelle område i Herdalen prioriterte, men det var også med deler av Geiranger.

Vi skal seinare i haust informere om produktet og bruken av slik informasjon, både til grunneigarane og kommunane.

NIBIO finansierer 50% av denne kartlegginga, og Statsforvaltaren den resterande delen gjennom ordninga Tiltak i beiteområde.

Dersom vi klarar å finansiere vidare kartlegging vil vi i 2024 ta for oss andre område innanfor verdsarvområdet, ev. også andre område der det er viktig å samle dokumentasjon om vegetasjon- og beitetilhøva i Stranda og Norddal.