Beiteressurskartlegging i verdsarvområdet

 

 

Stranda kommune har som ansvarleg verdsarvkommune og i samarbeid med Norddal/Eidsdal Beitelag og Fjord kommune sett i gang eit beitekartleggingsprosjekt som dekkjer verdsarv-/landskapsvernområde i Fjord og Stranda kommune.

Målsetjinga med prosjektet er å få ei fagleg vurdering av beiteressursane i dei viktigaste beiteområda i kommunane, i først rekkje knytt til verdsarv-/landskapsvernområda.

Utmarksressursane er ein viktig del av ressursgrunnlaget for mange bruk. Ved å kartlegge vegetasjonen i eit område får ein eit basiskart som gir eit godt grunnlag for å vurdere beiteverdien for ulike husdyr i eit område.


Det er fagfolk frå NIBIO som har fått oppgåva. I Fjord kommune er Herdals-området sentralt, i Geiranger er Gråsteindalen /Hesjedalen eit område med svært gode beiteressursar som tidlegare har vore mykje nytta som beiteområde. I dag er jerven litt ei så stor utfordring at desse ressursane ikkje lenger kan nyttast til beiting.
 

Å kunne dokumentere beiteressursar og planlegge beitebruken er i mange samanhengar svært viktig i område der det er kryssande brukarinteresser og kamp om areala for å kunne hevde landbruks-/beiteinteressene. Kryssande interesser kan t.d. vere hyttebygging. Utan dokumentasjon vil grunneigar ofte tape slike interessekonfliktar. 

 

Du kan lese meir om beitekartlegging her:

https://www.nibio.no/tema/landskap/utmarksbeite/ressursgrunnlag/kartleggingsmetode

 

Fagfolka frå NIBIO som utfører kartlegginga er:

  • Yngve Rekdal
  • Michael Angeloff
  • Magnhild Garte Høiberg
  • Kjell Moen