Besøk frå Kaunas by i Litauen

Stranda Kommune har jobba lenge med ein søknad om såkalla Erasmus+ midlar. Erasmus+ er EU sitt program for internasjonal utveksling. Våren 2023 vart første søknad godkjend, og i løpet av skuleåret 2023/2024 har kommunen vore i Kaunas med tre delegasjonar, først tre frå kommunen for å etablere eit samarbeid, så ti personar frå ulike instansar som til dømes PPT,  barnevern,  skular,  barnehagar og psykisk helsevern for å lære meir om korleis oppvekstsektoren i Litauen er organisert. I slutten av april var ti elevar og to lærarar frå Stranda Ungdomsskule ei veke på besøk i Kaunas. 


27.05  - 31.05 kjem det ein delegasjon med barnehagelærarar og styrarar på besøk til Stranda. No vil dei lære meir om korleis vi driv denne tenesta her lokalt.  Dei skal mellom anna på besøk i Stranda kommune, med info frå ordførar Einar Arve Nordang og kommunalsjef for oppvekst Tone Lillebø. Dei skal på besøk i Helstad og Ringstad barnehagar, dei skal få vere med på Vårslepp på Stranda Ungdomsskule og dei skal få tur med Gondolen på Strandafjellet og ein tur til Långhammaren på Kjølås.


Desse besøka er ein del av ein strategi og praktiske opplegg for at vi som kommune skal bli betre kjend med bakgrunnen til dei med innvandrarbakgrunn som bur på Stranda. Det er ein del av ei større internasjonal satsing for å få til ei betre integrering av nye på Stranda, spesielt dei med ein annan kulturell bakgrunn. Stranda kommune har fått fullfinansiert denne satsinga frå EU, og i dei kommande åra kjem aktiviteten til å bli enda høgare, også til andre land enn Litauen.