Besøk frå Kaunas

Ingrida Deltuvaite

Stranda kommune har hatt besøk av 11 tilsette i barnehagesektoren og -administrasjonen i Kaunas og dei sender sin varmaste takk for det flotte opphaldet dei har hatt hos oss. Dei arbeider med eit prosjekt om «Tilpasning av pedagogisk innhald for barn med ulike evner» og har som formål å  dra erfaring av gode erfaringar i det skandinaviske utdanningssystemet.
 

 

Programmet for opphaldet har vore innhaldsrikt, møte med kommuneleiinga og presentasjon av kommunen vår med særleg fokus på korleis vi arbeider med barn og laget rundt barnet. Støttetenestene fekk presentere korleis dei jobbar, og det var besøk både i Helstad og Ringstad barnehagar, samt på Langlobøen avlastningsbustad. Dei fekk vere gjestar på Vårslepp på Ungdomsskulen. Det blei mange diskusjonar der ein delte erfaringar.
Dei var særleg imponert over tilbodet vi har på Langlobøen og bruken av ASK (alternativ supplerande kommunikasjon) i barnehagane. 

Ingrida Deltuvaite

Naturen vår imponerte dei også og veret viste seg frå ei flott side under opphaldet. Dei fekk tur til Roalden med gondolen, tur til Ljøsætra og piknik på Langhammaren med lokal mat som spekemat, ost og eplecider. 
Vidare arbeid med inntrykka og erfaringane vert til hausten der dei vil presentere det dei har opplevd for barnehagane i Kaunas og dei ville meir enn gjerne kome tilbake for meir erfaringsutveksling