Besøksrutiner ved institusjonane i Stranda

Endra reglar for besøksrutiner ved institusjonane i Stranda

Helsetenesta i Stranda har  praktisert strenge reglar for å unngå Covid-19 smitte til bebuarane i institusjonane våre. Myndigheitene har no beslutta å liberalisere og å differensiere smitteverntiltaka noko.  
Det er ikkje lenger nødvendig å avtale besøk til dei som bur i omsorgsbustad. For å hindre smitte vil vi alikevel oppfordre til, om mogleg, å ta besøket ute, gjerne gå tur eller kjøre på biltur.
For besøk til sjukeheimspasientar må det fortsatt avtalast tid på førehand.