Besøksrutiner ved Stranda omsorgssenter, avdeling Sjukeheimen frå 01.07.21

 

Velkomen på besøk til Stranda omsorgssenter, avdeling Sjukeheimen.

Frå 01.07.21 opphever vi ordninga med å «booke» besøkstid, de kjem på besøk når de måtte ønske det.

Vi oppmodar likevel til besøk i tidsrommet 10.00 – 18.00 for å skape ro rundt morgen/kveldsrutinene.

Følgjande reglar gjeld for besøk

  • Vi oppfordrar at besøk innandørs vert gjennomført på bebuaren sitt rom
  • Uteområdet kan sjølvsagt nyttast etter ynskje, hugs avstand til andre som nytter uteområdet
  • Dei som kjem på besøk må ikkje vere i karantene, ikkje ha symptom på Covid-19 og elles vere frisk
  • Gå inn direktedøra tilhøyrande den bugruppa du skal besøkje
    Skal du besøke dement avdeling må du ringe den aktuelle bugruppa når du er her
    for at dei skal opne døra
  • Skriv deg opp på besøksprotokollen ved inngangen
  • Hugs god handhygiene før/under/etter besøket