Stranda kommune har tidlegare starta eit forprosjekt med å utgreie biogass frå husdyrgjødsel. Dette var tenkt i kombinasjon med hydrogenproduksjonsanlegget. Tanken var å kombinere hydrogen med biogass på det regulerte området på Tryggestad. Opparbeiding av veg/bru m.m. var så kostbart at kommunen ikkje såg mulegheiter for å setje i gang dette.
No har vi fått eit biogassanlegg i Hornindal, og i den samanheng har dette fått ny aktualitet.
Stranda bondelag heldt orienteringsmøte på Fivelstad 8. februar for å finne ut kor stor interesse det er for å kome i gang med leveransar til dette anlegget.
Stranda kommune vil kunne bistå i dette arbeidet, m.a. ved å levere ein del grunnlagsdata om gjødselmengder m.m.
Følg med i informasjonen som Bondelaget v/leiaren Leif Arne Fivelstad sender ut.
No er ikkje dette eit prosjekt som berre er aktuelt for medlemmer i bondelaget. Difor legg kommunen ut informasjon om dette.
Vi rår til at dei som vil setje seg meir inn i den faglege delen av denne problematikken lastar ned denne brosjyren (PDF, 4 MB)