Stranda kommune markerar Eigenberedskapsveka 2026 med temaet «korleis kan samfunnet bli betre førebudd på å handtere situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerar som normalt»
Stranda kommune vil ved bortfall av internett og mobilnett opprette informasjonspunkt på følgjande stadar:
Stranda: Stranda rådhus, Øyna 13
Geiranger: Joker Geiranger, , Maråkvegen 49
Hellesylt: Joker Hellesylt, Hellesyltvegen 49
På informasjonspunktet vil du som innbyggar få informasjon om situasjonen og kome i kontakt med naudetatar dersom elektronisk kommunikasjon ikkje fungerar.
Møt kommunen og få meir informasjon
Kommunen med ordførar og samarbeidande lag og organisasjonar vil ha stand rundt om i bygdene.
I eigenbereskapsveka vil kommunen ha stands på følgjande stadar:
Måndag 26 oktober kl.1500-1630 REMA 1000 Stranda
Tirsdag 27 oktober kl.1500-1630 JOKER Hellesylt
Torsdag 29 oktober kl. 1400-1500 JOKER Geiranger
Enkle grep styrkjer eigenberedskapen
DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.
Her er fire av dei:
Ver ein beredskapsven.
Skaff ein DAB-radio.
Lad opp batteribank og utstyr.
Sjekk om kommunen har forsterket mobilnett. (Stranda sentrum)
Du kan lese meir på www.dsb.no/ekombortfall
Fakta om Eigenberedskapsveka 2026
Ei årleg kampanjeveke som blir gjennomført i veke 44, med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
Målet er å auke kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i ei veke.
I år er temaet korleis samfunnet kan bli betre førebudd på å handtere situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.
DSB har oppmoda kommunane til å etablere eitt eller fleire informasjonspunkt og laga ei rettleiing om korleis dette kan gjerast. På desse punkta kan innbyggjarane få informasjon dersom elektronisk kommunikasjon ikkje fungerer.
DSB og Nkom har utvikla sju enkle råd om korleis kvar enkelt kan bli betre rusta til å klare seg i periodar utan mobilnett og internett.
Einar Arve Nordang Inge Teigen
Ordførar Beredskapskoordinator