Friluftsskule i sommarferien

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

1.- 5. juli inviterer Sunnmøre friluftsråd, for tredje år på rad, til friluftsskule i Helsemvika i Stranda. Dette har blitt eit svært populært tilbod for barn i alderen 11-13 år.  

På friluftsskulen er det stort fokus på gode opplevingar ute i naturen. Leikar, hogging av ved, matlaging på bål, bading, spikking og oppsett av taubruer er berre nokre av aktivitetane denne innhaldsrike veka. Nytt i år blir fjelltur til Dregetua. Veka vert avslutta med ein spennande overnattingstur til fjellgarden Ytste Skotet.  

  • Dette er eit av høgdepunktet i veka, seier Astrid Elberg Thomsen, ein av dei tre leiarane på friluftsskulen i Stranda.
  • Der får barna oppleve korleis livet var på ein gard før i tida. Mi erfaring er at dei aller fleste reiser frå friluftsskulen med nye opplevingar og nye vener, seier ho.  

Sjølv om det er mykje leik og moro, er læring ein viktig del av friluftsskulen. Tema som kart og kompass, allemannsretten og sporlaus ferdsel høyrer sjølvsagt med. Leiarane er erfarne friluftslivspedagogar som på oppdrag for Sunnmøre friluftsråd har hatt ansvar for friluftsskular i fleire år.

Det er framleis nokre ledige plassar på friluftsskulen på Stranda, men det er lurt å vere kjapp å melde seg på for dei som vil vere med.
Siste frist for påmelding er 31. mai.
Påmeldingsskjema og meir informasjon på www.friluftsraadet.no/friluftsskular