Frist for tidlegspreiing

 

Stranda kommune har fått denne meldinga frå Statsforvaltaren i dag (10.08.2023):

I dag er fristen for siste spreiing av husdyrgjødsel dersom det skal kunne søkast på tiltaket ‘Spreiing av all husdyrgjødsel i vår-/vekstsesong’ som vi har i vårt miljøprogram. Vi får nokre spørsmål om utsetting av fristen med bakgrunn i at det har regna ein del dei siste dagane og at det no er vått og vanskeleg å komme utpå. Vi har også fått ein skriftleg søknad frå bondelaget om forlenging av fristen.

Vi har diskutert dette og vurdert at fristen ikkje blir endra. Formålet med tiltaket er at husdyrgjødsla i størst mulig grad skal nyttast som gjødsel, og i minst mulig grad spreidd om hausten etter at siste avling er blitt hausta. På grunn av driftsopplegg (to eller tre slåttar og tidspunkt for sisteslått), lagerplass m.v. er det berre ca. halvparten av alle husdyrprodusentar som kvart år søker på dette tiltaket. Kvart år må det påreknast å vere forhold som gjer det utfordrande for enkelte å oppfylle vilkåra for å kunne søke på tilskotet. Vi får henvendelsar minst annakvart år om å utsette fristen.

Fristen 10. august er knytt til eit tilskot som har som formål å endre praksis til meir miljøriktig bruk av husdyrgjødsla. Det betyr spreiing før ein gitt dato og før siste slått. Enkelte år vil det vere vanskeleg for fleire enn normalt å bruke husdyrgjødsla miljøriktig. Då oppfyller ein heller ikkje vilkåra for å søke på det aktulle tilskotet det året. Det er ikkje eit grunnlag for å lempe på vilkåra. Det må elles nemnast at bortsett frå dei siste dagane har det vore rimeleg gode forhold denne sommaren for dei aller fleste.

For øvrig vil det fortsatt vere høve til å spre husdyrgjødsel fram til enten 1. september eller til seinare frist i kommunal forskrift (inntil 1. oktober), og enno seinare dersom nedmolding.