Garden som ressurs

Stranda har saman med Fjordhagen i Valldal og Skaparglede i Sykkylven fått tildelt midlar (frå hoppid.no, Møre og Romsdal) for å setje i gang eit prosjekt kalla «Garden som ressurs». Vi søkte kvar for oss, men fekk ei tildeling som omfatta alle dei tre kommunane.

I Stranda hadde vi produksjon av honning som ønskje, men fylkeskommunen meinte at vi burde femne litt vidare, dvs. at det ein inkluderer alle tilleggsnæringar som det vert signalisert interesse for.

Vi har ikkje fått tildelingsbrevet frå MRK enno, og ventar på dette før vi formaliserer oppstart av prosjektet.

Som eit første steg har Skaparglede i Sykkylven lyst eit tilbod som kan gå uavhengig av den formelle oppstarten (lenke).

Her kan alle med interesse for å skape seg ei tilleggsnæring basert på eigen gard meld seg på.

Det kan vere greitt å lese seg litt opp på kva satsinga Garden som ressurs inneber. Her er nokre aktuelle lenker:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/h-2401-garden-som-ressurs/id2572731/

https://www.regjeringen.no/contentassets/fe55b11f67d84bc08672c87788a2df69/h-2401_garden-som-ressurs.pdf

https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/garden-som-ressurs