Geiranger og Stranda Kommune er (re)sertifisert som berekraftig reisemål!

 

 

Geiranger er blitt resertifisert, og heile det geografiske området til Stranda Kommune har blitt sertifisert som eit berekraftig reisemål, den 26 august 2023.


Dette betyr ikkje at vi no har blitt eit berekraftig reisemål, eller eit reisemål «der vi har alt på stell». Det betyr at ein har arbeidd systematisk og kontinuerleg med å ta vare på natur, kultur, miljø, styrka sosiale verdiar og arbeidd med eit levedyktig økonomisk reiseliv. Dette må vi kontinuerleg arbeide vidare med, og dokumentere forbedringane om tre år, når vi skal re-merkast.

I det vidare arbeidet må Stranda kommune saman med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geiranger Verdsarvstifting, lokale reiselivsaktørar, frivillige lag- og organisasjonar sette oss nye felles mål og samarbeide om å nå desse.

 

Fordelar – finansiering.

Når kommunen eller reiselivsaktørar og frivillige lag- og organisasjonar no søkjer om midlar hjå anten ENOVA, SIVA eller forskingsrådet, kan det lønne seg å nemne at ein held til på eit berekraftig reisemål. Då Tindekaia på Åndalsnes, fekk tildelt midlar av ENOVA for landstraumsanlegg, var ei medverkande årsak at dei var sertifisert som berekraftig reisemål.

 

Profilering

Reisemål som har fått merket som berekraftig reisemål, får ekstra synlighet i alle Innovasjon Norges kanalar, både til forbrukar, til næringa sjølv, og i heile Innovasjon Norge sitt daglege virke (presentasjonar, foredrag, case, invitasjonar, arrangement etc).