Gjødslingsplan og sprøytejournal

 

Nokre bønder som søkjer tilskott (PT/RMP) leiger hjelp til sprøyting /gjødsling.

I søknad om produksjonstilskott får søkjar spørsmål om vedkomande har godkjent gjødslingsplan/sprøytejournal.

Kommunen har hittil godkjent at søkjar ikkje har slike planar dersom den som utførar gjødsling/sprøyting har slike planar, og dersom desse omfattar areala på leigejorda.

I år har vi sjekka dette litt meir nøye og har fått dette svaret frå Fylkesmannen:

«Eg meiner at det er føretaket som disponerer arealet og søker arealtilskot som må ha journal over det som evt. er brukt av plantevernmiddel. Det er ikkje tilstrekkeleg at den som er blitt innleigd til å foreta sprøytinga har ført journal. Dette må det gå an å finne ei praktisk løysing for, med gjenpart, kopi eller dobbeltføring. Eg ser det praktiske i at den som foretar sprøytinga også har oversikt over kva, kor mykje og når, då det gjerne vil vere vedkomande som også seinare kjem til å stå for sprøytinga».

Det same vil gjelde gjødslingsplan.

Konklusjon:
For seinare år kjem vi til å handheve dette slik som fylkesmannen ber om, dvs. at de ved ev. kontroll må kunne legge fram kopi av gjødslings-/sprøyteplan frå den som utførar arbeidet dersom de vil unngå trekk.

Denne problemstillinga gjeld ikkje så mange, men vi kommuniserer no dette ut slik at ein er klar over korleis regelverket vi bli praktisert frå neste søknadsomgang.