Glocal Green AS med partnarar har fått i oppgåve av Stranda kommune å greie ut klimanøytral biometanol som løysing for kravet om nullutslepp på verdsarvfjordane

Kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026 nærmar seg. Kan biometanol vere løysinga? Lokale tonegjevande aktørar meiner det.

Situasjonen vi er stilt overfor tilseier at vi må søke mot dei løysingar som snarast lèt seg implementere og som kan avhjelpe den situasjonen som Verdsarvfjorden (Geirangerfjorden og deler av Sunnylvsfjorden) og næringslivet i Stranda kommune står overfor. Miljønøytral biometanol er ein veldig fleksibel og effektiv energi- og hydrogenberar som kan nyttast både på forbrenningsmotorar og i brenselceller, i gamle og nye fartøy. Dermed kan løysinga gi ein rask og stor miljøeffekt, seier adm. direktør i Glocal Green AS, Dag Nikolai Ryste, som saman med næringssjef i Stranda Kommune Inge Bjørdal, ser fram til å ta fatt på arbeidet.

 

Storstilt effektiv produksjon av biometanol er under utvikling. Regelverk og løysingar for både distribusjon og bruk, knytt til motorisering og framdrift, er på plass for denne flytande grøne energiberaren.

Saman med Stranda kommune skal eit prosjektpartnarskap no avdekke om det er mogleg å skape eit slikt «grønt økosystem» som kan tilfredsstille utsleppskrava.

 

Biometanol – i all hovudsak hydrogen

Biometanol seglar no opp som ein varm kandidat i det grøne skiftet innan maritim industri. Statistikk frå DNV (Det Norske Veritas) viser at talet på nye skip med metanol som energiberar har auka kraftig siste året. Dette skjer fordi biometanol er ein energiberar med svært lågt utslepp av klimagassar i produksjonsfasen, og han er i tillegg klimanøytral ved bruk. Med omsyn til energi ligg den nærast opp til fossile drivstoff, og som eit lågrisiko flytande medium er den uproblematisk å tanke om bord i alle typar fartøy. Dette mogleggjer også grøn «retrofit», dvs. ombygging av eksisterande skip.

Biometanol kan produserast av lågrangerte biologiske restråstoff som ikkje inngår i næringskjeder til dyr eller menneske, og opnar med dette for gjenbruk av avfall som i dag går til spille. Drivstoffet er karbonnøytralt og det naturleg høge innhaldet av hydrogen gjer det rikt på energi. I tillegg kan det tilførast ekstra hydrogen under produksjon - såkalla «boosting», som gir ein vesentleg auke i produksjonsvolum. På dette viset produserer ein såkalla «bio-e-metanol», som gjer at ei enno større mengde energirik hydrogen blir foredla og distribuert ut til forbruk.

I dette konseptet har Glocal Green tett dialog med den lokale hydrogenprodusenten Norwegian Hydrogen. Dette knyter seg både til pilotfabrikken som Glocal Green planlegg på Øyer i Gudbrandsdalen, og hydrogenproduksjonsanlegget som Norwegian Hydrogen har under utvikling på Hellesylt.

Om bord i eit fartøy kan biometanol brukast anten direkte på ein modifisert dieselmotor eller på ei brenselcelle for hydrogen – både til framdrift eller andre energiføremål om bord i fartøyet. Dette gir stor fleksibilitet og innsparingar ved både konstruksjon og drift av alle typar skip.

Grøn metanol er saman med hydrogen også på full fart inn i landtransport rundt om i verda. For tungtransport og bussar har dette høg aktualitet også for verdsarvområdet, ettersom ein her ønskjer overgang frå fossildrivne turistbussar til nullutsleppsbussar.

I tillegg kan konseptet «biometanol-til-straum» kome kraftunderskotet i Geiranger til hjelp. Frå mobile eller permanente modular vil ein kunne etablere landstraum og/eller lademoglegheit til både fartøy, køyretøy og anleggsdrift (t.d. i samband med ny Strynefjellsveg). 

På denne måten vil ein kunne legge til rette for stor breidde i tilgangen på grøn energi.

Glocal Green skal leie prosjektet saman med ei sterk gruppe kompetente aktørar innan energiforsyning og -forsking frå vår region. Konsortiet består av prosjekteigar Stranda kommune, Glocal Green AS, Norwegian Hydrogen AS, Tafjord Kraft AS, SINTEF Ålesund og Energiråd AS.

Prosjektet skal avdekke tilgangen på biometanol, her under om det er mogleg å etablere lokal/regional produksjon, og i tillegg kartlegge eigna teknologiske brukarløysingar inn mot 2026-kravet.

Eit element i det heile er også å synleggjere synergieffektane mellom biometanol og hydrogen – både knytt til produksjon, distribusjon og bruk.

Det skal også setjast opp ein kalkyle og ein overordna plan for utsleppsreduksjonar og verdiskaping knytt til biometanol og hydrogen som løysningar for Verdsarvfjorden.

Prosjektet er støtta med kr. 700.000 frå Klimasats - ei støtteordning forvalta av Miljødirektoratet for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Prosjektet blir gjennomført i perioden april til september 2023.

For spørsmål eller innspel til prosjektet, ta kontakt med:

eller