Godkjent tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap

Magnhild Aspevik og Merete Rønneberg  Aurland kommune og Stranda kommune har etter oppdrag frå Verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap utarbeidd ny Tiltaksplan for Vestnorsk Fjordlandskap. Den nye planen er ei revidert utgåve av tidlegare plan frå 2007.

Planen gir ein oversikt over tilstanden på kulturlandskapet i Vestnorsk Fjordlandskap og kjem med råd om  kva som må gjerast for å nå målsettinga om å oppretthalde landbruket i verdsarvområdet:

  • Skjøtte jordbrukslandskapet med slått og beiting
  • Nytte eldre tradisjonelle driftsmetodar og bruke moderne utstyr der dette let seg kombinere
  • Ta vare på biologisk mangfald og kulturminne
  • Oppretthalde eit småskala husdyrhald, som tek meir omsyn til miljøet
  • Legge til rette for opplevingar, og utvikle gode reiselivsprodukt
  • Tilby lokalt foredla matvarer og kortreist mat
  • Skape grunnlag for heilårsbusetnad
  • Ta vare på og formidle kunnskap om natur, kultur og driftsmåtar


Rapporten har teke opp i seg både signala frå brukarundersøkinga blant eit utval av verdsarvbøndene og drøftar fleire tiltak som utgreiingsselskapet Agri Analyse og Telemarksforsking har kome med forslag om i sine evalueringar av verdsarvordninga:

Tiltaksplanen konkluderer med at verkemidla må forsterkast for både i form av oppgradering av tilskotssatsar (uendra sidan oppstart) og ved utprøving av nye verkemiddel. Høgding  av tilskotssatsane (15%) vert gjennomført f.o.m. søknadsomgangen 2022, men arbeidsgruppa har konkludert med at dei noverande statelege rammene for verdsarvmidlar er for små til at ein kan introdusere nye verkemiddel. Spesielt er behovet for investeringsverkemiddel stort, og rapporten peikar på at dette er ei løyving som også versjon 1 av planen var sett på  som avgjerande, men som ikkje er blitt følgd opp av departementa som lova dette i 2007.

Planen har vore ute på høyring og er godkjent av følgjande instansar:

  • Verdsarvrådet – vedtak VG 02/22 av 23.05.2022.
  • Stranda kommune – vedtak KOM 047/22 av 15.06.2022.
  • Aurland kommune  – vedtak 022/22 av 15.06.2022.

 

Kontaktinformasjon

  • Stranda kommune: Næringssjef Inge Bjørdal.

E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. M: 464 11 022

H: www.stranda.kommune.no

 

  • Aurland kommune: Landbrukssjef Magnhild Aspevik.

E: magnhild.aspevik@laerdal.kommune.no. M: 474 86 550  eller 576 41 200

H: www.aurland.kommune.no