Hugs å sjekke reglane for bandtvang


Ny hundelov vart sett i verk 1. januar 2023. Hundelova stiller tydelege krav til forsvarleg hundehald og styrker politiet sine moglegheiter til å gripe inn i problematisk hundehald på eit tidleg tidspunkt. Om nokon bryt lova, kan dei måtte betale eit gebyr.


Kommunen kan vedta eigne føresegner om bandtvang


Den nasjonale bandtvangen gjeld i perioden 1. april - 20. august. Då skal hunden vere i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengd. Grunnen er at hundar ikkje skal jage eller skade husdyr, fugl, tamrein eller viltlevande dyr og deira reir, bo eller hi.

Dei fleste hundeeigarar er kjend med den nasjonale bandtvangen.

Etter § 6 i hundelova kan kommunen kan vedta eiga forskrift om bandtvang:

1.    i og knytt til, bustadområde og handleområde
2.    i parkar, på gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon
3.    på og ved bestemte turstiar, turvegar, merka skiløyper, leir- og rasteplassar
4.    i bestemte område på land, i vatn eller sjø som er brukt som tur- eller rekreasjonsområde
5.    i heile eller delar av kommunen i eit bestemt tidsrom når husdyr normalt går ute
6.    under ekstraordinære forhold som set krav om bandtvang for å ta vare på vilt

Men mange kommunar, der iblant Stranda, har laga eigne føresegner om bandtvang:
Sjå føresegna her.


Bandtvang etter punkt 3 og 4 kan ikkje innførast i større grad enn nødvendig. Dei som går tur med laus hund skal også bli teken vare på i tilstrekkeleg grad.

Bandtvang etter punkt 5 og 6 kan berre bli innført i område av kommunen der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter, eller vilt har sitt leveområde. Bandtvang som er fastsett grunna ekstraordinære forhold må opphøyre straks forholda seier det. Der beite, natur- og rekreasjonsområde strekkjer seg over fleire kommunar, bør desse kommunane samordne sine forskrifter.

Ifølge hundelova er det forbod mot å gå frå ein hund som er bunden rett ved inngangen til ein bygning som er open for ålmenta, eller ved leikeplassar.

Hundelova § 9 har unntak frå sikringsreglane for hund som har særlege bruksformål. Dette gjeld for eksempel hundar brukt i reindrift, dresserte bufehundar, tenestehundar og ettersøkshundar.