Hugs bandtvangen i sommar!

Foto: Ragnhild N. Aas /Statsforvaltaren i Møre og Romsdal   

Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner. Stranda er ei av kommunane som har utvida bandtvang:

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Stranda kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober.

Sjå: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2008-03-26-1650


Tida med bandtvang er ekstra sårbar for ville dyr og fuglar og for beitande husdyr. Fuglar hekkar, ville dyr har nyfødde avkom, og sauer og geiter har små lam og kje. Alle er ekstra sårbare denne tida. Reir kan bli øydelagde, ungar kan komme bort frå foreldra, husdyr kan bli skremde og i tillegg kan hundar utan band gå til åtak.

Det er viktig at vi ferdast med respekt - også med hund. Set deg inn i reglane der du ferdast, og hald hunden i band.

God tur!

PS!
I tillegg gjer vi merksam på dette oppslaget frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal