Influensasmitta aukar raskt

Har du blitt anbefalt å vaksinere deg mot sesonginfluensa er det enno ikkje for seint, men det hastar no!

I følgje FHI har det til no vore låge influensatal medan ein har sett ei svak auke i tilfella av Covid-19. Førekomsten av influensa og innleggingar med influensa aukar no raskt. Auka skjer tidlegare enn normalt og ein ventar at influensaepidemien er i full gang frå siste del av desember. Har du blitt anbefalt å vaksinere deg mot sesonginfluensa er det enno ikkje for seint, men det hastar no!

Vaksinasjonsdekninga er no lågare enn ønska og ein oppfordrar barn med risikofaktorar, eldre og andre risikogrupper om ta kontakt med Stranda legekontor for å avtale vaksinasjon på tlf. 70 26 81 20.
Vi vaksinerar etter avtale på Stranda og på utekontordagane i Geiranger og Hellesylt.

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/