Informasjon frå brannvernet til hytteeigarar i Stranda kommune

  

 

Det nærmar seg påske, og mange reiser på hytta.

Stranda kommune vil med dette gi informasjon og tips til hyttefolket om sløkkjeutstyr, røykvarslar, ei sjekkliste m.m. på hytta.

Filmsnuttane er laga av Norsk brannvernforening i samarbeid med Tryg:

Anbefalt sløkkjeutstyr (MP4, 25 MB)

Sjekk av røykvarslar (MP4, 16 MB)  - Ein god vane

Bruk av gass (MP4, 42 MB) 

Plassering av sløkkjeutstyr (MP4, 21 MB) 

Grilling (MP4, 26 MB) - Slik grillar du trygt

Straumforbruk (MP4, 13 MB) - El-tryggleik er viktig, også på hytta!

Komfyr (MP4, 50 MB) - Gode råd for å unngå brann ved komfyren

Brannskade (MP4, 40 MB) - Husk 20/20!


Sjekk også https://www.stranda.kommune.no/tenester/teknisk-brann-og-beredskap/brann/ for meir informasjon.

Hytta skal ha sløkkjeutstyr og røykvarslar

Mange hytter ligg slik til at det kan vere vanskeleg for brannvesenet å kome fram. Dette inneber at mange må vere førebudd på å sløkkje ein eventuell brann på hytta sjølv.

I avsidesliggande område vil brannvesenet kanskje ikkje komme fram før hytta har brent ned. Difor oppfordrar vi alle hytteeigarar til å utruste hytta godt med sløkkjeutstyr og røykvarslarar, slik at ein blir varsla og kan handtere eit branntilløp.

Vi anbefalar også og henge opp ein nødplakat med GPS-posisjonen til hytta, slik at naudetatar finn lettare fram.

Ein kan lage ein naudplakat gratis på https://norskluftambulanse.no/nodplakat/ eller https://www.kartverket.no/Kart/Nodplakat/

Sjekkliste

  • Sjekk røykvarslar kvar gong hytta vert teken i bruk.
  • Sjå over sløkkjeutstyret. Sjekk at pila står på grøn og at pulveret er laust.
  • Bytt batteri i røykvarslarar ved behov, minimum ein gong per år.
  • Gå aldri frå levande lys.
  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.
  • Sørg for å handtere oske og glør på ein forsvarlig måte.    
  • Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk.
  • Ver ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamnleg.
  • Bruk godkjent installatør når det elektriske anlegget skal utbetrast.

     

    Ha ei riktig god påske.

    Med helsing frå feiarvesenet.

Malin Pålsson: Feiar/Brannførebyggjar
Epost: malin.palsson@stranda.kommune.no  
Mobil: 464 11 036

Lillian Aashem: Feiarformann
Epost: liaa@stranda.kommune.no
Mobil: 464 11 043