Informasjon kring brøyting og strøing av privat eigedom og fortau i Stranda kommune

Stranda kommune har dei siste dagane blitt kontakta av fleire som etterlyser brøyting av mellom anna fortau i sentrum. Stranda kommune har politivedtekter som omhandlar mellom anna dette.

Dei lyd som følgjer:

§ 16. Snøfall og takras
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar i samsvar med lokal sedvane å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter snøfall og takras. Snø etter takras kan krevjast fjerna sjølv om lokal sedvane ikkje ligg føre.

§ 17. Strøplikt
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar i samsvar med lokal sedvane å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.

Kommunen brøytar vegar, gangvegar, fortau og torg som kommunen sjølv eig, i den utstrekning det er naudsynt. Nokon få stadar er vi så vidt innom private fortau med vårt utstyr, men det er fordi det ikkje er fornuftig å lyfte skjær/snøfres i nokon få meter, og på den måten skape hindringar for gåande.


Vi vil alltid prøve å unngå å brøyte snø inn på private eigedomar, men vi må prioritere trafikktryggleik og framkome. Om vi har brøyta snø inn på din eigedom, oppmodar vi om at den ikkje flyttast ut igjen på fortau eller i køyrebana. På denne måten sikrar vi enklare forhold for gåande og bilistar.

Oppmodar alle huseigarar til å ta ansvar for sin eigedom og tilhøyrande fortau, slik at det er framkommeleg for gåande i størst mogleg grad.