Informasjon om koronavaksinering

Alle som er folkeregistrert i Stranda og over 18 år (født i 2003 eller eldre) har fått tilbod om første dose. 

Ein reknar med at alle skal få tilbod om andre dose i løpet av september, massevaksinasjonen i kommunen vil då avviklast.
Dei som får flytta timen får eigen sms - NB! GJE BESKJED I GOD TID OM DU IKKJE KAN MØTE TIL TILDELT TIME!

To typar vaksine framover
Begge dei to godkjente mRNA-vaksinene Comirnaty (frå BioNTech/Pfizer) og Spikevax (frå Moderna) vil no bli brukt til vaksinering i Stranda. Ein treng to dosar for å få best mogleg beskyttelse. For å gje rask beskyttelse til flest mogleg, vil mange få ein kombinasjon av dei to mRNA-vaksinene. Dette er anbefalt frå Folkehelseinstituttet og ein forventar minst like god beskyttelse av vaksinene gitt i kombinasjon (kombinasjon av ulike vaksiner er ikkje uvanleg for andre sjukdommar). 
Sjå her for meir informasjon om vaksinene.

Det vil ikkje vere høve til å velje sjølv kva type vaksine du får. Grunnen til dette er at det vil vere vanskeleg å få til i praksis, vil auke risiko for feil, og kan medføre at verdifulle dosar ikkje kan nyttast. 

Dersom du av ulike grunnar ikkje har bestilt deg time enno, ber vi deg gå inn på c19.no og bestille time snarast, eller takke nei til vaksine. Om du vel å ikkje bestille deg time no, kan du måtte rekne med å måtte vente litt for å få vaksina.