Klimarådgjeving - ein del av RMP frå 2021

 

I dei forenkla jordbruksforhandlingane i 2020, vart det bestemt at klimarådgjeving skal innlemmast som tiltak i dei regionale miljøprogram (RMP). Følgjande stod i Prop. 118S (2019-2020): Partane er samde om at tilskott til klimarådgjeving skal implementerast som ein del av Regionale miljøprogram frå vekstsesongen/søknadsomgangen 2021. Rådgjevinga skal omfatte bonden sitt arbeid med å redusere utslepp og auke opptak, samt klimatilpassing.

Du kan lese meir her (PDF, 75 kB)