Klipp hekker og busker


Før skulestart er det ekstra viktig at du har klipt hekk og busker på din eigedom. Busker og tre på din eigedom må ikkje vekse ut over fortau og veg. Naudsynt sikt i kryss og avkøyrsler gjer kvardagen tryggare for små og store i ditt nærmiljø.

Reglar for trafikksikker vegetasjon

  • Klipp hekker og busker slik at det ikkje veks ut over eigedomsgrensa.
  • I soner som krev fri sikt, skal vegetasjonen ikkje være høgare enn 50 cm. Også når det har snødd. Små barn rundt hjørnet må være synlege for bilistar og syklistar.
  • Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje verte tvinga ut i vegbanen på grunn av vegetasjon.
  • Hekk, busker og tre skal ikkje skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys.
  • Trafikantar, utrykkingskøyretøy, renovasjonsbilar og vedlikehaldsmaskiner må ikkje bli hindra av greiner eller vegetasjon som gjer vegen smalare.
  • Greiner frå tre over fortau og sykkelfelt må henge minst 3 meter over bakken. Fri høgd over sjølve vegbana skal være minst 5 meter. (Greiner skal ikkje nå opp til leidningar.)
  • Du må rydde opp greiner som knekk og dett ned, også etter at du har klipt hekken.

 

Kva skjer om du ikkje klipper trafikkfarleg hekk?

Om hekker og busker ved fortau og veg ikkje blir klipt godt nok kan grunneigaren få ein lapp i postkassa med beskjed om å klippe. Det følger med ei skisse over frisiktsoner, der vegetasjonen skal vere høgast 50 cm.

Blir vegetasjonen fortsett ikkje klipt, kan kommunen gje pålegg med tidsfrist eller varsel om klipp i kommunal regi med kantklipper og for grunneigars rekning.

Illustrasjonar av naudsynte frisiktsoner og krav til klipping av vegetasjon som heng ut i veg og fortau finn du nedanfor:

https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/vegetasjonsrydding/