Kø hos fastlege og legevakt? Sjuke barn?

Både sjukehus, legekontor og legevakt har uvanleg stor pågang no. Mange er sjuke og det handlar ikkje berre om korona.

Kva gjer du når nokon i familien din blir sjuk? Når kontaktar du lege? Kva skal du være merksam på? Kva gjer du om det er kø hos fastlege eller på legevakta?

Vinter er infeksjonssesong. Situasjonen er ekstra krevjande i år fordi smitteverntiltaka dei siste to sesongane har skåna oss mot sjukdom. Derfor er mange ekstra mottakelege for infeksjonar no.

Dette legg ekstra press på helsetenesta og gjer at vi treng di hjelp til å sikre at dei som har størst behov for vurdering hos fastlege eller legevakt kan prioriterast.

Det er likevel viktig å understreke at dei som treng augeblikkeleg hjelp, sjølvsagt skal oppsøke legevakt og fastlege for naudsynt hjelp.

Ved alvorlege symptom som for eksempel brystsmerter, pustevanskar, lammingar eller plutseleg alvorleg hovudverk skal du med ein gong ta kontakt med helsevesenet.

Du må kanskje vente

Fastlege og legevakt må prioritere kven som skal få hjelp. Alvorlege helseplager går før lettare plager og nyoppståtte plager før planlagde kontrollar. Ver budd på at fastlegen din kan være nøydd til å utsetje planlagde kontrollar. Det vil i periodar kunne være lengre ventetid på telefon og på ordinære timar som ikkje hastar.

Mange milde helseplager går over av seg sjølv og treng ikkje vurdering av lege. Dette gjeld også dei fleste luftvegsinfeksjonar, men du bør teste deg for covid-19. Du kan få gode råd om kva du bør gjere ved ulike sjukdommar og symptom på helsenorge.no.

Råd når ein skal til legekontor eller legevakt

  • Ta alltid koronatest før du kjem til legekontoret om du har hatt nye luftvegssymptom dei siste 10 dagane. Hurtigtest må ein ta same dag som legebesøket. 
  • Husk munnbind på legekontor og legevakt for personar over 12 år om ikkje det er helsemessige grunnar til å la vere.

Sjuke barn

Når barn blir sjuke skapar dette ofte bekymring. Men i dei aller fleste situasjonar treng ikkje barnet anna oppfølging enn det foreldra sjølv kan gi:

  • Gi barnet rikeleg med drikke
  • La barnet være lett påkledd ved feber
  • Vurder nasespray ved tett/ rennande nase (eventuelt morsmjølk)
  • Hald barnet heime frå barnehage/skule, og ver heime til barnet er i betring og test gjerne for covid-19, men barn skal ikkje tvingast til test.
  • Febernedsettande medisin som Paracet kan ein bruke om barnet har smerter eller er så slapp at det ikkje drikk nok. Febernedsettande gjer ikkje barnet fortare frisk.
  • Ved hoste/luftvegsplager: La barnet ligge med heva overkropp om natta
  • Ved milde pustevanskar: Opptre roleg og trøyst barnet. Ved falsk krupp/ astma - la barnet sove i eit kjølig soverom, ta gjerne barnet ut i kald frisk luft ved anfall.
  • Ved høg feber (over 40 grader):
    • Du bør vekkje barnet eit par gangar i løpet av natta og sjekke at du får god kontakt.
    • Vær spesielt merksam på utslett i form av blodflekkar i huda, små raudfiolette prikkar som ikkje blir borte når du pressar sida av eit gjennomsiktig kjøkkenglas mot huda.
    • Slike utslett eventuelt samen med oppkast, hovudpine og symptom som stiv nakke og vere sløv  kan være teikn på alvorleg sjukdom. Kontakt i så fall lege straks.

Du bør søke råd hos fastlege eller legevakt dersom barnet ditt:

  • har redusert allmenntilstand, virka slapp og ikkje orkar å ete/drikke
  • har feberkrampar
  • er så plaga at det har treng febernedsettande (for eksempel Paracet) lenger enn 2-3 dagar
  • strever med å få luft og /eller pustar raskt, evt. også hoste
  • om tilstanden blir verre eller ikkje blir betre som ein kunne forvente

Ver særleg merksam om barnet ditt er:

  • tre månader eller yngre og har feber
  • under to år og har symptom som kan gi mistanke om nedre luftvegsinfeksjon med RS virus: Rask og anstrengt pust, slapp og utmatta og problem med å hoste opp slim, strever med å ete og drikke og eventuelt har blåleg farge på lepper eller hud (helsenorge.no)

Meir informasjon om barn med feber

Meir informasjon om vanlege plager hos barn og korleis desse kan behandlast med eigen omsorg