Koronasituasjonen i Stranda framfor vinterferien (pr. veke 7)

 

  • Ikkje påvist ny smitte.  Det er ikkje påvist nokon nye smittetilfeller i Stranda etter veke 5 (04.02.21) og i øyeblikket er det ingen som er sett i smittekarantene av lokal helsetenste. Det er muleg nokon er i innreisekarantene etter grensepassering og utan av vi har oversikt over det.

Situasjonen virkar roleg akkurat no, men kan brått endre seg.  Vi er spente på føreståande vinter- og påskeferie med reiseverksemd og aktivitetar, og event. følgjer av det.

  • Råd for vinterferien 2021

Råd til folk som kjem til eller frå område med auka smitte og mulegheit for mutantvirus.

Tiltaka har som mål å avgrense utbrota til dei råka kommunane, og hindre vidare spreiing. Situasjonen er uoversiktleg, og nye tiltak kan kome. 

  • Dersom du tenkjer å reise til eller frå område med auka smitte, vurder nøye om reisa er naudsynt.
  • Om du likevel må reise, ver ekstra påpasseleg med godt smittevern:
  • Ikkje reis om du har luftvegs-eller influensaliknande symptom
  • Hald 2 meters avstand til andre
  • Ha god handhygiene
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar hvis det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ver venleg å ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien utan negativ test
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta og har komt frå desse områda, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Vi ber deg om å ha låg terskel for å teste deg.
  • Vaksinering Alle beburana på sjukeheimane, som ønskjer det, er no fullvaksinerte og vi blir ferdig 23.02.  med 2. dose ved omsorgsboligane. Grunna små vaksinemengder pr. veke står vi med rest for nokre eldre over 85 år i eigen bolig. Med atterhald om nok vaksine, vil vi starte vaksinering for årgangane 75-84 i veke 9. Opplegga for masse- og gruppevaksinering og tildeling av tid for dette er detaljert beskrevet i den nettopp reviderte vaksinasjonsplanen.  Kommunen er klar til å starte vaksinering i stor stil så snart vi får nok vaksiner.
     
  • OBS! Vaksinering av «gjestepasientar»

Personar som arbeider og bur i Stranda kommune, men ikkje er folkeregistrert her, har likevel rett til å bli vaksinert i opphaldskommunen. Same gjeld personar som har fastlege i andre kommunar. 
Vi kan ikkje vere sikre på at kommunen har god nok oversikt over personar i desse kategoriane og ber – for sikker heits skuld – om melding/SMS eller telefon til 46 411 047 

Arne Gotteberg
kommuneoverlege