Koronatiltak ved Stranda legekontor frå torsdag 26.03.20

I tråd med nødvendig smittevern har Stranda legekontor endra drifta.
Legar og medarbeidarar har delt seg i team, derfor vil du ikkje alltid treffe fastlegen din, men vi prøver å oppretthalde kontinuiteten så langt som mogleg.

  • Alle skal RINGE først. Ikkje møte opp utan avtale.
  • For vanlege henvendelsar kan pasientar ta kontakt på telefon 70268120 eller
    SMS til 2097 (
    STRANDA fødselsdato, ditt navn, grad av hast)
  • Vent ute ved døra, du blir henta av ein medarbeidar, dette for å  unngå for mange pasientar på venterom og fellesområder samtidig. 
  • Møt presis til avtalt time!

Vi har oppretta ein eigen luftvegs- og feberklinikk:

  • Ring  70 26 81 20 eller bestill time på SMS ved luftvegssymtom, feber, hovudverk. 
  • Møt etter avtale ved inngang C på Øynasenteret og ring telefonnummeret du får oppgitt. Du blir henta ute ved døra.

For spørsmål og informasjon om koronasymptom kan du ringe vår nyoppretta KORONATELEFON 46 41 10 47.