Kort orientering om koronasituasjonen i Stranda veke 49

 

Utviklinga i koronasituasjonen er urovekkande både internasjonalt og nasjonalt. Det er no aukande smitte også i mange omliggande kommunar til Stranda.

Nytt «Drive-inn» testtelt ved legekontoret
Alle som ønskjer det eller der helsetenesta finn grunn til det, blir testa. Vi har eit nytt og meir solid test-telt med «drive-inn» opplegg der det gamle teltet sto på baksida av rådhuset

Ikkje påvist ny smitte, men auke i tal på karantenetilfeller
Det er ikkje påvist nokon nye korona-positive tilfeller i Stranda til no i haust. I alt har vi kun påvist ein sikker korona-positiv pasient i kommunen (i august). I tillegg er to personar folkeregistrert i Stranda testa positivt andre stadar i landet. Men det vi likevel opplever, og som uroar oss, er at talet på personar som har vore nærkontakter til koronasmitta tilfeller i andre kommunar og er pålagt karantene, er ei markant aukande utfordring for oss også her i kommunen. Det same gjeld personar som helsetenesta i Stranda finn å pålegge å gå i karantene. Det er auka mengde spørsmål og arbeide med smittesporing. Smittesporingsteamet har fått eige dataprogram og har hatt realistisk skrivebordsøving på smittesporingsutfordringar. 

Karantene og isolasjon må overhaldast strengt i 10 dagar
Pålegg om karantene eller isolasjon frå helsepersonell må overhaldast strengt i minimum 10 dagar. Det kan vere straffbart å avbryte karantene eller isolasjon. Det gjeld også sjølv om det i karantenetida kjem eit negativt svar på ein test. Eit negativt svar gir ikkje god nok tryggleik på at ein er frisk for smitten kan melde seg utover i karantenetida. Grunnen til at folk blir sette i karantene er jo å hindre smitte og at helsetenesta skal kunne «fange dei opp»  hvis CoVid-19 smitte utviklar seg. Dei blir då isolerte.

Ein negativ test gir ingen full tryggleik
Alle som sjølve finn grunn til å teste seg må halde seg heime til negativt testsvar ligg føre. Informasjon om dette blir delt ut og påminning sendt på SMS frå testteamet. Det er veldig viktig at folk veit at ein negativ test ikkje gir full tryggleik. Så hvis du har eller det dukker opp symptomer må ein halde deg heime til du er frisk. Ta gjerne kontakt med legetenesta for å drøfte situasjonen. Det kan vere behov for tilleggsundersøking og fornya vurdering.

Situasjonen er meir utrygg igjen dessverre. Inntil vi får effektiv vaksine er det er god grunn til at vi alle tek situasjonen på alvor, sluttar opp om smittevernreglane og følgjer nasjonale råd og lokale tiltak. Sjå m.a kommunen sin koronainformasjon og tilleggsinformasjon til denne orientering

P.S. Kommunen har også rigga opp eit ventetelt ved inngangen til Stranda legekontor (inngang B) for dei som ventar på vanleg legetime.

N.B Ingen med luftvegssymptom eller behov for koronatest skal bruke dette teltet.                              

Arne Gotteberg
Kommuneoverlege