KS sitt heidersmerke til Inge Teigen

KS-merke til Inge Teigen

Det er ei stor glede og få moglegheit til å heidre ein trufast og lojal medarbeidar

I kommunestyremøtet onsdag fekk Inge Teigen utdelt KS sitt heidersmerke etter 30 års teneste i Stranda kommune.

Inge Teigen starta som lærling i feiarfaget i 1992 han har gått gradene og frå 2016 har han vore brannsjef. I tillegg til å vere brannsjef er han også beredskapskoordinator. 

Stranda kommune er glad for å ha Inge på laget, han er fagleg sterk, godt humør og lett å samarbeide med!