Minner om Foreningsportalen for Stranda kommune

Vi oppfordrar lag og organisasjonar om å ta portalen i bruk!

Stranda frivilligsentral har etter innspel frå fleire frivillige lag og organisasjonar i kommunen, oppretta Foreiningsportalen for Stranda kommune.
Sjekk ut sida her: https://istranda.no/ 
Foreiningsportalen er ei oversikt over lag og organisasjonar, samt ein aktivitetskalender som vil gi oversikt over arrangement og aktivitetar i kommunen. Her vil ein kunne finne informasjon om dei ulike organisasjonane, kva tilbod dei har og kven som er kontaktperson. 

Stranda frivilligsentral håper dette kan vere eit nyttig verktøy og lag og organisasjonar å vise seg fram og kunne marknadsføre aktivitet og arrangement enno betre.
 

Alle lag og organisasjonar skal ha motteke ein e-post med invitasjon til å oppdatere eigen informasjon, samt legge inn aktivitet i kalenderen. Dei kan sjølve når som helst gå inn og redigere informasjonen ved hjelp av ein kode.
 

Sida vil vere under utvikling i tida framover og vil såleis innehalde meir og meir informasjon og betre oversikt etter kvart som organisasjonane oppdaterer sidene sine.
 

Med dette ønskjer Stranda frivilligsentral også å gjere det enklare for innbyggarar i Stranda kommune å orientere seg om kva som finnes av tilbod og aktivitet i regi av frivillige lag og organisasjonar.

Lenke til portalen ligg også som snarveg under “nyttige lenker” på heimesida til Stranda kommune.
 

Ved spørsmål til nettstaden eller bruken av den, ta kontakt med Ragnhild Stadheim på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller mob. 464 11 076.