Mjølkekvotar for 2023

Landbruks- og matminister Sandra Borch. Torbjørn Tandberg

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i dag gjennomført kvotedrøftingar. På bakgrunn av drøftingane har Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,95 for kvoteåret 2023. Forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk blir vidareført på 0,95.

I møtet den 29. november 2022 gjorde Tine greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår, i tillegg til prognosane for mjølkeproduksjon og mjølkebehov i 2023.

 

Kumjølk

Alt i juni varsla Tine at dei langsiktige prognosane viste at det kunne bli behov for mindre kumjølk i 2023. Effekten etter stengde grenser og heimekontor under koronapandemien er over, og auken i storhushald er ikkje stor nok til å kompensere for nedgangen i daglegvarehandelen. Tine har berekna eit behov for 1 375 mill. liter mjølk i 2023, og rådd i kvotedrøftingane til ein reduksjon i forholdstalet for kumjølk på fire prosentpoeng samanlikna med 2022, frå 0,99 til 0,95.

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag støtta Tines tilråding.

Landbruks- og matdepartementet fastsette på denne bakgrunnen forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk til 0,95 for 2023..

Geitmjølk

Tine prognostiserer eit lågare innanlandsk sal av geitemjølk i 2023 enn i 2022. Nedgangen blir likevel vegen opp av at eksporten er forventa å auke. Tine rådde difor til å halde forholdstalet for geitmjølk på 0,95 i 2023. Organisasjonane til jordbruket støtta Tine sine tilråding. Landbruks- og matdepartementet fastsette forholdstalet på disponibel kvote for geitemjølk til 0,95 for 2023.

– Etter ein mellombels auke i marknaden for mjølk under koronapandemien, er marknaden no tilbake på ein trend med lågare forbruk av meieriprodukt. Det gjer at vi diverre må redusere kvotane for dei aktive kumjølkprodusentane i 2023. Balanse mellom tilbod og etterspurnad er viktig, fordi overproduksjon er svært kostbart for næringa. Eg er glad for at både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag stiller seg bak Tine si tilråding om forholdstala for 2023. Mjølkeproduksjon er svært viktig for at vi skal ha eit landbruk over heile landet, og eg er merksam på dei utfordringane mjølkeprodusentane står i, med auka kostnader og ein utfordrande marknadssituasjon, seier Landbruks- og matminister Sandra Borch.