NMSK OG LUF - Retningsliner og kontrollplan

Skogkulturen er det viktigaste i skogbruket for å sikre garden/skogeigedomen arealavkastning og samfunnet tilgang på tømmervirke. Like viktig er karbonbindinga i skogen for miljøet.

Nmsk-forskrifta skal stimulere til investeringar saman med den gode skogfondsordninga og skattefordelane der. Båe eigeninnsats og innleigd hjelp frå skogselskap til døme, kan få tilskott for tiltak og investeringar til skogkultur.
Statlege tilskotsordningar kjem i tillegg. Døme er tilskott for tettare planting og gjødsling m.m. Ta kontakt med skogbrukssjefen ved spørsmål.

NMSK og LUF Rettleiar og kontrollplan (PDF, 227 kB)