Ny kommunebrosjyre Publisert av Birgitte Langlo Publisert 04.04.2019 14.49 Stranda kommune har no på plass ei etterlengta informasjonsbrosjyre som skal gi ein oversikt over vår eiga verksemd. I tillegg har mange private firma reklame i brosjyren som fortel kva for næringsliv som finst i kommunen. Vi har om lag 1 500 eksemplar av brosjyren og dei som ønskjer å bruke den i representasjonssamanheng kan ta kontakt med servicekontoret.