Marie Ulvestad er tilsett som kommunepsykolog i Stranda.
Kommunepsykolog vert organisatoriskplassert direkte under kommunedirektør.
Kommunepsykologen sine oppgåver kan grovt sett delast inn i tre: helsefremmande og førebyggande arbeid, rettleiing og systemarbeid.
Psykologen skal bistå kommunen i spørsmål om psykisk helse i alle tenester, planar og i samarbeid mellom instansar.
Psykologen skal særskilt jobbe førebyggande og ha fokus på tiltak som hjelper før utfordringane vert for store. Det vert naturleg å ha eit særleg fokus på oppveksttilhøva til barn og unge.
Ove Skylstad er tilsett som ny einingleiar for næring og teknisk, han tek over stillinga etter Cato Andersen.