Opning av postvegen over Ljøbrekka

 

Etter fleire år med arbeid kunne Ljøbrekkas vener endeleg invitere til høgtideleg opning av den nyopprusta postvegen over Ljøbrekka søndag 13. august.

Ordførar Jan Ove Tryggestad heldt opningstalen, og takka for mangeårig frivillig arbeid med tålmod og ståpå-vilje. Han overrekte ei gåve frå Stranda kommune på kr. 10.000,-

Kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen frå Møre og Romsdal fylkeskommune heldt og ein fin tale, før Erling Ljøen som har vore med på mang ein arbeidstime på vegen, klipte snora.

For kommunen er dette eit døme på kor viktig det er med frivillig innsats. Det er vidare eit godt døme tilrettelegging for god folkehelse. Vegen vil vere eit turistmål, og enda ein aktivitet for besøkande i vårt område. Ikkje minst er dette ei flott ivaretaking av kulturhistoria.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete