Brannsjefen har etter delegert mynde fatta følgjande vedtak:
Vedtak om totalforbod mot bruk av åpen eld datert 30.05.2018, vert oppheva frå og med 18.06.2018 for Stranda kommune.
Ein minner samstundes om at det generelle bålforbudet gjeld:
Det er i tidsrommet 15.april til 15.september forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan tillatelse frå kommunen.
Opphevinga av totalforbodet innebær dermed at det er lovleg å benytte tilrettelagde og sikre plassar for å gjere opp eld/bål og for grilling, under forutsetning om at det åpenbart ikkje kan føre til brann. Arbeid som t.d. kantslått kan også fortsette.