Ørskog legevakt mellombels stengt

På grunn av legemangel og sjukdom må Ørskog legevakt stenge i ei avgrensa periode.

Ålesund, Vestnes og Fjord kommuner melder at det som følge av for lav legedekning i vaktordninga ved Ørskog legevakt, blir nødvendig å mellombels stenge legevakta i Ørskog i ei avgrensa periode frå 28.12.22 til 01.03.23. Kommunane vil ta i vare innbyggarane sine behov for akuttmedisinske tenester med å auke kapasiteten ved hovedlegevakta på Åse ved behov.

For Stranda kommune gjeld dette for innbyggarane i Geiranger og Liabygda. Dei må i denne perioden reise til Ålesund interkommunale legevakt på kveld (etter kl. 16:00) og helg/høgtidsdagar.

Ørskog legevakt har over lengre tid hatt utfordringar med legebemanninga, der ein også har måtta stenge i kortare periodar. Ytterlegere fråver gjer det no uforsvarleg å halde åpent etter 27.12.22.

Kommunane har rekruttert nye legar som startar opp i mars/april månad. Kommunane vil i tillegg bruke perioden til å utarbeide ytterlegare styrkande tiltak for å sikre meir stabil drift når ein gjenopnar Ørskog legevakt.

Ved behov for legevakttenester ringer ein som før 116 117.