Frå i dag av (15. august) vert rutinane for søknad om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. endra. Føretak må registrere søknad om tilskot i Altinn. Kvittering for innsendt søknad og vedtak på saka vert sendt til føretaket sin innboks i Altinn. Vedtak blir varsla via oppgjeven kontaktinformasjon (anten e-post eller mobilnr.) i søknaden.
Kortare sakshandsamingstid
Det elektroniske systemet vil redusere tida frå du søkjer om tilskot til du har pengane på konto med fleire veker.
Slik går du fram
-
Gå til nettsida www.altinn.no
-
Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
-
Vel landbruksføretaket ditt som Aktør
-
Søk opp og vel ordninga ‘Tilskot til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom og fødsel mv.’
-
Legg inn all naudsynt informasjon om sjukeperioden, utgifter til avløyser o.l.
-
Last opp nødvendige vedlegg
Rettleiing til deg som søkjer er bygd inn i det elektroniske skjemaet.
Dersom du ikkje kan bruke internett
Du kan gje avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg.
Papirskjema vil eksistere enno ei stund
Det vil enno ei stund vere mogleg å nytte papirskjema, men etter kvart blir ordninga fullelektronisk for landbruksføretak.
Har du spørsmål?