Praksisveke for deltidspersonell - Brann og redning

I samband med gjennomføring av grunnkurs for tilsette i brann- og redningsvesenet, gjennomfører vi praksisveke i veke 11.

Tidspunkt måndag 13.03 kl. 09:30 til fredag 17.03 kl. 12:00.

Det vil verte ein del køyring i sentrum med brann- og redningsbilar.
Det vil bli nytta lys og sirener ved behov. 
I enkelt høve vil vi merke områder med øving.

Gjer vel i å gje veg for oss ved utrykning og køyr forsiktig. 
Dette med tanke på dykkar sikkerheit og for oss som står i vegen.

Ta gjerne bileter, men hald avstand.

På førehand tusen takk

Mvh

Stig Tore Rennemo
Brannmester i Stranda kommune