Presentasjon av Grøn Kai-prosjektet 28.08.23

 

 

På ei samling ved NTNU i Ålesund vart resultatet av 3-års arbeid presentert av studentane som har hatt dette som bachelor-oppgåve

Tydelege løysingar og realistiske forslag frå NTNU-sommararbeid 2023 vart presenterte, og 3-års arbeid med Grøn Kai vart summert opp.

I fellesskap har dei i samarbeid med hamnevesenet/kommunen utforska ulike scenario, utvikla fleire konsept og tileigna seg betydeleg kunnskap. Sjølv om myndigheitene framleis ikkje har klart å spesifisere krava nøyaktig i samband med nullutsleppsvedtaket, er vi no langt betre førebudde på dei moglege utfalla.

Prosjektet Grøn Kai har frå NTNU si side fungert som ein katalysator for videre initiativ, der "stafettpinnen" no vert overført til fleire nye prosjekt  (m.a. Grøn Plattform og søknader til Kompetanse- og samarbeidsprosjekt (KSP) i Norges Forskingsråd). NTNU ønskjer innspel til idear idéar om samarbeidsprosjekt med NTNU, og ber om at ein i så fall tek kontakt med:

Irina-Emily Hansen

PhD, Researcher
Manulab - project manager  https://www.ntnu.no/blogger/ihb/manulab/
Grønn kai - project cooridinator https://www.ntnu.no/ihb/gronn-kai
Fisk 4.0 project - NTNU-kontakt
Department of Ocean Operation and Civil Engineering NTNU, Ålesund

Tlf. +47 47327049

Sluttpresentasjonen (PDF, 12 MB) inneheld QR-kodar der du kan sjå bilete av løysingane