Pressemelding - Områdereguleringsplan for  Geiranger er godkjent

 

Stranda kommune vil uttrykke glede over kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt vedtak i saka områderegulering Geiranger. Stranda hamnevesen tok iniativ til planarbeidet alt i 2014 og har saman med kommunen drive planen framover. Det er spesielt gledeleg at kommunestyret sitt vedtak er godkjent. Dette vil bety at vi no kan setje fokus på vekst og utvikling i Geiranger og at kommunen sin kamp gjennom snart 8 år har gitt eit positivt vedtak frå departementet. Stranda kommune har i påvente av avklaring på reguleringsplanen ikkje kunna handsama nye tiltak desse åra. Mange private aktørar har i denne perioden måtta avventa arbeidet med utvikling og tiltak.
 

Departementet vurderer cruisekaia slik: 

«Tiltaket er førebels ikkje godt nok utgreidd til at departementet kan seie ja til ei utbygging som kan få negative følgjer for verdsarvstatusen. Skulle kommunen ønskje å etablere djupvasskaia og parkeringa, så må tiltaket drøftast med miljø- og kulturminnemyndigheitene og Unesco, slik at ein kan få gjort ei fagleg utgreiing av følgjer for verdsarvverdiane og eventuelle løysingar som kan gjere det mogleg å etablere kaia og parkeringsanlegget. Departementet godkjenner difor ikkje cruisekaia med tilhøyrande parkering.»

 

Dette gir kommunen moglegheit for å arbeide vidare med cruisekaia.

Omfanget og kompleksiteten har utfordra kommunen både planmessig og politisk for å finne gode løysingar. Det er derfor gledeleg at vi denne saka har vore med på å utvikle ny politikk i forvaltninga i Norge.

Prosessen har pågått sidan 2014 og mange ulike aktørar har vore involvert i arbeidet som no har ført fram. Kommunen vil rette ei stor takk til alle som har bidrege i planprosessen.

Stranda, 02.07.20

 

Jan Ove Tryggestad
Ordførar – Tlf. 464 11 001

Einar Lied
kommunalsjef plan- og utvikling – Tlf. 464 11 004