Rapporten frå beitekartlegginga i verdsarvområdet

Stranda kommune tok initiativ til å få kartlagt beiteressursane innafor verdsarven. Kartlegginga vart utført i 2023 og rapporten ligg no føre - Lenke til rapporten. (PDF, 22 MB)

Initiativet vart gjort i samråd med Norddal/Eidsdal beitelag, faglaga og nokre interesserte grunneigarar i båe kommunane. Beitelaget stod som søkjar.

Til grunn for ei beitekartlegging ligg dei ei detaljert kartlegging av vegetasjonstypar. Ut i frå dette kunnskapsgrunnlaget kan ein avleie m.a. beiteressurskart for ulike husdyrslag (og viltartar).
Men dette er ei grunnleggande kartlegging av mange ulike eigenskapar ved naturgrunnlaget, og kan difor nyttast til mange andre føremål, ikkje minst innan arealplanlegging-/forvaltning

Eg vonar kommunane vil ta dette materialet i bruk i si forvaltning og at dette kjem til nytte når grunneigarane skal ta vare på sine interesser rundt arealbruken.