Ifølgje plan- og bygningslova skal kommunen ha ein kommuneplan (PBL § 11-1). Denne skal omfatte både samfunnsdel med handlingsdel, og ein arealdel. Vidare seier lova at:
«Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgaver i kommunen.»
Ein kommuneplan er dermed kommunen sin overordna plan og viktigaste styringsverktøy, som skal leggje til rette for ønska samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon dei neste 10-12 åra.
Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen både som samfunn og som organisasjon, jf. PBL § 11-2. Samfunnsdelen er derfor eit viktig styringsdokument som legg rammer og føringar for både utvikling av bygdelaga i Stranda kommune og for kommunen sin organisasjon og tenester.
Samfunnsdelen inneheld mål og visjonar som skal ligge til grunn for all planlegging og forvaltning i kommunen, og bør synleggjere viktige utviklingstrekk og hovudmålsettingar for alle sektorane i kommunen. Mål og strategiar i samfunnsdelen skal ligge til grunn ved utarbeiding av handlingsdelen som viser korleis kommunen skal prioritere gjennomføring dei neste 4 åra. Handlingsplanen utarbeidast av kommunen og skal reviderast årleg, jf. PBL § 11-2.
Mål og strategiar i samfunnsdelen skal og ligge til grunn ved utarbeiding av kommuneplanens sin arealdel. Viktige prinsipielle spørsmål som har konsekvensar for arealbruk bør derfor takast i samfunnsdelen.
Planen les du her (PDF, 2 MB)
Kommunestyresak 010/19 (PDF, 32 kB)