SMIL – viktig melding



 

2. oktober vil Statsforvaltaren inndra alle ubrukte SMIL-midlar i sin heilskap og fordele dei på nytt til dei kommunane som melder inn behov for ekstramidlar.

Kommunen sender årleg inn melding om behov for SMIL-midlar.

Det vert gjort ein gjennomgang av løyvde midlar med tanke på inndraging for prosjekt som vi veit/får melding om ikkje vert realiserte.

Det er difor viktig at dei som har prosjekt med uteståande beløp melder frå, slik at dei kan betalast ut dersom dei er fullførte.

I tillegg ber vi om at dei som har prosjekt som er gryteklare for oppstart gir melding om dette, slik at når vi rapporterer inn behov for ekstramidlar i 2023 kan få mest mogleg til slike prosjekt av 2023-potten.

Dersom dette er prosjekt de er fast bestemt på å gjennomføre er det like godt å gå inn å søkje i Altinn-portalen.
Då vil vi automatisk få dei opplysingane vi har behov for når vi skal melde behov for ekstramidlar til Statsforvaltaren.

Dersom Stranda ikkje får tidelt ekstramidlar etter refordelinga mellom kommunane, vil søknaden bli med over i 2024, dvs. ingen risiko med å søkje no.

 

Når det gjeld drenering det så mykje att av potten at Statsforvaltaren ikkje ser behov for inndraging.